fredag 13. november 2015
Juleverksted på Varatun gård
For første gang prøver me oss på julemesse. Ikkje med møbler denne gang, men med mindre meir nipsete ting, så som fuglematere med meir. Vær velkommen!
torsdag 22. oktober 2015
Palleskolen
Fjerde leksjon
Du kan ofte finne paller utan merking.
Dette er eingonspaller, og er dei som Potl nyttar. Dette er ganske robuste
paller som er meint å frakte bygningsmaterialer, for eksempel gipsplater,
murstein, sement og liknande. Desse er ikkje behandla med noko! Viss du lurer
på kvar du kan finne desse er det berre å gå til nærmaste trelastbutikk for
eksempel, der har dei nok ein kontainer full, som dei er bare glade for å bli
kvitt.
onsdag 21. oktober 2015
Palleskolens Leksjon 3
Europallen er vel den pallen me kjenner best. Den er
konstruert for å tåle 1500 kg. Den er med andre ord sterk, i tillegg er den og med i eit
retursystem. Faktisk så er det pant på paller som er stempla EUR eller EPAL, og
du kan få 10-20 kroner per palle viss du vil levere dei inn til eit mottak.
Europallen har ei levetid i snitt på 4-5 år.
tirsdag 20. oktober 2015
Palleskolen
Leksjon 2
I nesten alt som er importert og eksportert er det paller
involver, med andre ord er det viktig å behandle pallene slik at dei ikkje
bringer med seg uønska insekter og smådyr som kan påvirke det lokale
økosystemet, derfor må ein ta nokre grep for å beskytte seg. Her i Europa er
det ikkje lov å tilsetta kjemiske giftstoffer i paller, så her nyttar ein
varmebehandling for å kvitte seg med insekter og anna rask. Paller som er merka
med HT er varmebehandla. HT tyder Heat Treated, som igjen inneber at pallen er
sendt inn i ein ovnliknande sak, som varmer opp pallen til minimum 58 grader
Celsius. Fyrst då er den klar til bruk.
mandag 19. oktober 2015
Palleskolen
Første leksjon
Som du allerede veit, finns det mange typer paller. Sjøl
deler eg dei inn i giftige og giftfrie, men det er mange fleire kategoriar enn
det.
Verstingen er dei som er innsatt med Metyl-Bromid (MB).
Dette brukes fordi det er insektdrepande, men det er frykteleg farleg for oss
mennesker.
Ergo styr unna alle paller som er merka MB. Sjekk leksikon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



